Hilderøya (1912) er ein roman der Duun set seg føre å utforske tilhøvet mellom mennesket og maktene. Ungguten Svein bur ute i havgapet, og havet gir både utkomme, fare og utfordring i livet hans. På sjøen står kappestriden mellom han og Evert Jørgen om å vere best, og dei kappast òg om den same jenta, Herborg. Men Svein dregst mest mot Hanna, og det er henne han får våge framtida med på Hilderøya.