Historia om det nye namnet
Historia om det nye namnet begynner der Mi briljante venninne sluttar med at seksten år gamle Lila giftar seg med kjøpmannen Stefano Carracci. Lila innser at ho ikkje kjenner mannen ho har gifta seg med, og ho opplever ekteskapet som eit fengsel. Ein sommarferie på Ischia blir ein erotisk vekkjar for Lila, men samtidig set ho vennskapet med Elena på ei alvorleg prøve. Livet til dei to jentene held fram i kvar si retning. Studia fører Elena ut av det gamle livet, til ein annan by og eit anna miljø, mens Lila må ta eit val for å redde seg sjølv, og blir send tilbake til fattigdommen. Historia om det nye namnet er ein roman om to kvinners kamp for å realisere seg sjølve i 60-talets Italia, før ungdomsopprør og kvinnefrigjering. Ein roman om eit vennskap som rommar kjærleik og hat, beundring og sjalusi, men som er så sterkt at ingen av dei to kvinnene er heilt seg sjølv utan den andre. Frå italiensk ved Kristin Sørsdal.