Ustrigla og motstraums. Til full jubel blei 60-a.ringen Oddny Miljeteig vald til ny nestleiar i SV pa. landsmøtet i mars 2015. Eg er ikkje redd for motgang, sa den kampklare partiveteranen, som skulle ta steget fra. lokalpolitikken i Bergen til riksarenaen. Tre ma.nader seinare kjende ho ein kul under armen. Ho la.g pa. isolat da. Audun Lysbakken kunngjorde at ho ikkje kom til a. delta i valkampen. Dei neste a.ra kjempa ho sitt livs tøffaste kamp. Det tok henne tre a.r a. stable seg pa. beina og gjere comeback i bystyret i Bergen. Til hausten fyller Oddny Miljeteig 65 a.r, og ho gir seg i politikken. SV-politikaren og sosionomen Miljeteig er først og fremst kjend som sosialpolitikar - ei markant stemme for dei svake og utstøytte. Ho er sa. langt fra. ein politisk broiler som ein kan komme. I denne boka fortel Miljeteig om oppveksten i den veglause grenda Tøsse, der ho kom tre veker gammal, som adoptivbarn. I samband med boka tek Oddny kontakt med Fylkesmannen for a. fa. vite kven dei b