«Eg filmar meg sjølv, kanskje blir det siste gongen. Eg legg meg under dyna, passar på å legge håret fint utover puta, armane oppå blomstrete dynetrekk. Så lukkar eg auga og læst som eg er død.» 13 år gamle Ingvild Halvorsen trur ho kjem til å døy av hjartestans, akkurat som søstera hennar gjorde for lenge sidan. Ho kjem i alle fall til å døy om ho ikkje blir kjærast med Aksel... I mellomtida filmar Ingvild seg sjølv, så det skal finnast eit minne etter henne om ho døyr. Hjarteklapp fekk Nynorsk Barnelitteraturpris 2013, og er med i Foreningen !Les' nasjonale lesekampanje: Tid for Ti.