menu-bar All the categories

199,00 kr

Eg filmar meg sjølv, kanskje blir det siste gongen. Eg legg meg under dyna, passar på å legge håret fint utover puta, armane oppå blomstrete dynetrekk. Så lukkar eg auga og læst som eg er død. 13 år gamle Ingvild trur ho kjem til å døy av hjartestans, som søstera hennar gjorde for lenge sidan. Ho kjem i alle fall til å døy om ho ikkje blir kjærast med Aksel... I mellomtida filmar ho seg sjølv, så det skal finnast eit minne etter henne. Hilde K. Kvalvaag (fødd 1968) er sosialantropolog og debuterer med denne ungdomsromanen. For denne boka fekk Kvalvaag Nynorsk barnelitteraturpris på årsmøtet til Noregs mållag 23.04.2004. Juryen sa mellom anna: Det er sjeldan generelle litteraturprisar går til debutantar, men det er også sjeldan at debutantar skriv så modent og stilsikkert som det Hilde K. Kvalvaag gjer i boka Hjarteklapp.