Som når ei kasakhstansk turnjente hoppar bukk og mistar balansen og trør eit skritt fram og likevel løftar armane og gjer eit lite kniks med svai i ryggen for å ta imot applausen som jo må kome likevel, slik er min kjærleik, ustø, men kontrollert, profesjonell, men med små feil som drar ned totalkarakteren. Like langt unna seierspallen som total klikk.Hjarets protokollar er ei heilstøypt samling kortprosatekstar med klar tematisk og formmessig konsekvens. Forteljerstemma balanserer mellom den abstrakte tanken og dei konkrete bileta. Her er fine, skarpe, tverre, analyserande, eksistensielle og humoristiske tekstar som til saman dannar -hjartets protokollar.