menu-bar All the categories

278,00 kr

Kva er sosial mobilitet? Korleis kan ein analysere sosial mobilitet og kva er dei viktigaste metodiske og teoretiske tilnærmingane til denne problematikken? Denne boka gir ei oversikt over den internasjonale mobilitetsforskinga og ser den norske opp mot denne. Forfattarane tek også for seg mobilitetsmønstra i Noreg i dag. Med utgangspunkt i norske studiar og oppdaterte registerdata drøftar dei problemstillingar omkring sosial mobilitet og utdanning, sosiale klassar, kjønn, innvandring og elitar. Til denne utgåva er det gjort nye analysar av meir omfattande og dels også nye datasett. Boka er også oppdatert i høve til dei seinaste resultata, bidraga og posisjonane i mobilitetsforskinga, og då særleg forskinga om økonomisk mobilitet, kjønn og mobilitet og innvandring og mobilitet. Johs. Hjellbrekke (f. 1965) er professor i sosiologi ved Universitetet i Bergen. Han har forska på tilhøve innan arbeids- og industrisosiologi, sosiale klassar, elitar og ulikskap, og sosial mobilitet og makttilhøve i Noreg. Olav Korsnes (f. 1947) er professor i sosiologi ved Universitetet i Bergen. Han har forska på tilhøve innan norsk arbeidsliv i eit komparativt perspektiv og emne knytt til sosial mobilitet i Noreg. I tillegg til rapporten Det norske maktfeltet: Interne strukturar, homogamitendensar, mobilitetsbaner og -barrierar i norske elitar til den siste Makt- og demokratiutgreiinga, har dei to skrive ei rekkje artiklar og bokkapittel saman. Dei seinare åra har forskinga deira vore knytt til NFR-prosjektet .Elites in an Egalitarian Society: Recruitment, Reproduction and Circulation..