Ho sette seg sjov te styre
Kvifor og korleis har ulike variantar av balladar utvikla seg til eit slikt mangfald av variasjonar over tid og rom som dei har i ulike nordiske miljø? Kva seier måten dei framstiller kvinna om det miljøet dei sprang ut frå? Variantane kan vere skrivne ned med fleire hundre års mellomrom, av unge adelsmenn og ikkje minst adelskvinner i Danmark på 1500-1600-talet, av prestar på Island på 1600-talet, av folkeminnesamlarar i alle dei nordiske landa på 1800-talet. Dei balladane vi har i dag, kjem til oss som eit mangstemt kor, der vi i alle fall delvis kan skilje mellom stemmene til den opphavlege diktaren og stemmene til tradisjonsberarane som har sunge gjennom hundreåra. Såleis har den munnleg overførte balladen tatt opp i seg trekk frå ulike tider. Der tradisjonsstoffet har gjeve gjenklang i miljøet, har truleg også drag frå gamal, opphavleg ideologi blitt ståande.