Ho som var så søt - roman
Berit nærmar seg 60 år. Etter ho blei uføretrygda frå lærarjobben har ho levd eit rolig liv, stort sett heime i huset. Ho les bøker, strikkar, og lagar middag til mannen som framleis er i arbeid. Men ho blir stadig plaga av gamle minne. Det som plutselig skjedde den gongen, då ho gjekk siste året på ungdomsskulen. Det var jo så å seia ingenting i forhold til alt det andre som skjer i verda. Men gong etter gong krev det liksom å bli tenkt gjennom. Ute er det iskald vinter. Svære haugar med snø ligg over hus og landskap. Rune Belsvik tar oss rett inn i uroa til ei ung kvinne, og fortel om hennar erfaringar og utforsking i møte med menn. HO SOM VAR SÅ SØT er eit truverdig og sterkt kvinneportrett. Det er godt gjort av ein mann å skrive så åpent og medrivande om korleis overgrep kan prege eit heilt liv. Berit nærmar seg 60 år. Etter ho blei uføretrygda frå lærarjobben har ho levd eit rolig liv, stort sett heime i huset. Ho les bøker, strikkar, og lagar middag til mannen som framleis er i arbeid. Men ho blir stadig plaga av gamle minne. Det som plutselig skjedde den gongen, då ho gjekk siste året på ungdomsskulen. Det var jo så å seia ingenting i forhold til alt det andre som skjer i verda. Men gong etter gong krev det liksom å bli tenkt gjennom. Ute er det iskald vinter. Svære haugar med snø ligg over hus og landskap. Rune Belsvik tar oss rett inn i uroa til ei ung kvinne, og fortel om hennar erfaringar og utforsking i møte med menn. HO SOM VAR SÅ SØT er eit truverdig og sterkt kvinneportrett. Det er godt gjort av ein mann å skrive så åpent og medrivande om korleis overgrep kan prege eit heilt liv.