Spørjeundersøkingar dokumenterer at friluftsfolk ynskjer seg opne og gamle skogar, skog slik den var før flatehogsten kom og øydela naturskogen. Hordnesskogen er ein slik skog - som no står i fare for å bli øydelagt. I eventyrskogen finn ein variert skogstruktur og landskap som er ope og lett å ta seg fram i, det er ein skog der trea får stå til dei blir gamle og menneska i nærområde får nyte naturen. Boka om Hordnesskogen er eit dokument frå dei som vil ta vare på dette friområdet for framtida.