2019 er eit år med fleire historiske merkepelar om ruteferdsla og båtane til HSD. For 165 år sidan, i 1854, gjorde hjulbåten Patriot den første freistnaden på rutefart mellom Bergen og Hardanger; for 150 år sidan, i 1869, kom Hardangeren i fart på same strekninga; for 90 år sidan, i 1929, fekk HSD sitt sist dampskip, Aalvik; for 70 år sidan, i 1949, vart Sunnhordland sett inn i Sunnhordland Snøggruter; for 60 år sidan, i 1959, kom Oddabåten Hardangerfjord; og for 20 år sidan, i 1999, gjekk Bremnes, den siste godsbåten, ut or HSD-flåten. Bård Kolltveit, pensjonert direktør ved Norsk Sjøfartsmuseum, har m.a. skrive bøkene til 100- og 125-års jubilea i HSD. Heilt sidan barndomen har han kjent seg nært knytt til selskapet, framfor alt til passasjer- og lastebåtane. I denne boka får 38 HSD-båtar, med unntak av bilferjer, snøggbåtar og leigebåtar, sin omtale, bygd på ein serie artiklar i meldingsbladet HSD-posten frå 1960- til 1980-talet, med tillegg av eit par skip som høyrer naturleg med i