menu-bar All the categories

249,00 kr

Vinnar av Brageprisen 2011! Hulda Garborg (1862-1934) var i mange år mest kjent som kona til den framståande forfattaren Arne Garborg. I denne kritikarroste og prisvinnande biografien løftar historikar og journalist Arnhild Skre Hulda Garborg opp til den plassen ho fortener i norsk historie. Hulda Garborg var ein populær dramatikar og produktiv omsetjar, ho hadde ein stor forfattarskap og omfattande journalistisk produksjon. Ho var ungdomsidol, forstadsbohem, kosthalds- og livsstilsreformator, husflidsgründer, grunnleggjar av Det Norske Teatret og ein av dei mest vidreiste og samtidsorienterte kulturarbeidarane landet har sett. Ikkje minst var Hulda Garborg ein utrøytteleg opposisjonell som kunne skjelve for småting i unge år, men som i vaksen alder tolte den beinharde norskdomskampen best av alle. Biografien fortel også nært og usminka om Huldas krevjande samliv med Arne Garborg, ein av Noregs mest framståande forfattarar. «Ein rein lesefest!» Dag og Tid «Denne biografien blir stående