Dei tidlegare trykte morobøkene «Stubbar i feng» og «Fleire stubbar» er nå utgjevne som ebok med namnet «Humor i fleng». Dette har vi gjort fordi «humor» er eit mykje betre oppslagsord enn «stubbar». Folk fann oss ikkje! Søkte dei på Internet på stubbar, så poppa det opp både hoggestabbar, tyrirøter og meire til. Så det har vi no endra. I «Humor i fleng» får du meir enn 300 sider med morosame historiar, vitsar, stubbar eller kva du vil kalle dei. Kombinasjonen mellom ei frodig tekning og ein kort, slåande tekst er midt i blinken. Det eine framhever det andre. Stubbane, som vi har valt å kalle dei, er skrevne på nynorsk fordi vi meiner dei passer best på dette målføret. Her kan lesaren få seg mang ei hyggestund. Lun og folkeleg humor.