Nei å nei, Du å du og Fy å fy samla i ei bok I 1995, 1996 og 1997 gav Jon Fosse ut dei tre Hundemanuskripta. Tekstane er umiskjenneleg Fosse, men med ein lett, humoristisk og underfundig tone. Bøkene har lenge vore utselde, men endeleg er hundehistoriene no å få tak i - alle tre samla i éi bok. Nei å nei er ein fabel om hunden Websterr. Han lever eit roleg og sutlaust liv saman med gamle Oline, men har alltid ønskt å vere den einsame hunden Websterr som streifar omkring i skog og mark, og hjelper ei lita hundemor i naud! Hunden Websterr ser sitt snitt til å stikke av ein føremiddag. Verda ligg open. I Du å du er vi ved fjorden, i eit naust. Der bur den aldrande hunden Olav åleine. Han har ein venn, ungkar som han sjølv, som bur oppover mot fjellet. Ein dag då Olav skal besøke kameraten, møter han den finaste byhundedame han nokon gong har sett. Alt blir forandra. I Fy å fy er vi på ei fraktskute. Om bord er skipper Moreld og skipshunden Haktor og dessutan labanen Einar, som aldri har l