Hunden Parabol tenkjer på månen
Forfattaren debuterte skjønnlitterært med barnediktsamlinga .Dei blå revane. i 2003, og gjorde seg fortent til Kultur- og kyrkjedepartementets debutantpris for barnebøker. No er Bringslid ute med ei ny samling underfundige, poengterte og språkleikande dikt. Dei fortel om tankar og funderingar som både bussar, steinar, lauv og blomar held seg med, og aller mest fortel dei om ulike dyrs personlegdom og filosofi:HundetruMånen ja, seier hunden,den heng der på himmelen og ventar på ulDet er difor den er så stilleDet er difor den er så gul