Hybrideleg sjølvgransking
Olaug Nilssen (f. 1977) .vart. av Morgenbladet i 2004 kåra til ein av dei ti beste forfattarane i Noreg under 35. Ho debuterte med romanen Innestengt i udyr i 1998 og har sidan skrive ei samling tilstandsrapportar med tittelen Vi har så korte armar (2002) og barneboka Ronnys rumpe. Nilssen har elles utmerkt seg som litteraturkritikar og artikkelskribent i ymse aviser og tidsskrift. Hybrideleg sjølvgransking er ei intelligent, sjølvbevisst.og sjenerøs essaysamling. Nilssen tvilar på både Gud, språket og vedtekne sanningar. Ho skriv begeistra om litteraturopplevingar og sutrande, men ektefølt om kvinner, nynorsk og den helvetes hovudstaden. . Det begynner å bli en stund siden forfatterens død; Olaug Nilssen er sprell levende.. Tore Rem, Dagbladet.