Høyre Du, Mann! Langeleikopptak 1955-1983
42 historiske feltopptak av langeleik blir no utgjeve på CD-en «Høyre du, mann!». Opptaka dokumenterer korleis folkemusikktradisjonen har utvikla seg gjennom fleire generasjonar. Musikken som spelast er danseslåttar, frå halling til polka, klokkelåttar, lyarlåttar og visetonar. Innspelingane av langeleik er gjort i dei fire tradisjonsområda Valdres, Hallingdal, Telemark og Gjøvik i perioden 1955–1983. Gjennom opptaka kan vi følge speletradisjonane gjennom fleire generasjonar. Nokre av utøvarane kan føre familietradisjonane sine så langt tilbake som til 1700-talet. På CD-en kan ein mellom anna høyre verdas eldste daterte langeleikinstrument, Petter Hasvoldsseters leik, med årstalet 1524. I nokre familiar bygde ein instrumenta sjølve, medan andre kjøpte dei frå den kjende makaren Rudi. Dei fleste utøvarane er amatørar, og instrumentet har blitt brukt i heimen. Men dei har hatt konsertar og framføringar for lokalmiljøet og turistar. Dei har òg delteke på kappleikar, og nokre av opptaka er gjort i samband med dette. Opptaka er henta frå Nasjonalbibliotekets folkemusikksamling, og Thedens har stått for utvalet saman med Elisabeth Kværne ved Valdresmusea.