Ikkje ein sporv til jorda
Ein sein haustkveld i 1957 forsvinn Bernhard Kråkvik sporlaust frå heimen sin i ei vestlandsbygd. Påfølgjande natt høyrest vill klokkeklang frå kapellet nær huset hans. Kyrkjetenar Karl Råde oppdagar neste dag at det er knytt ei rennelykkje på klokkereipet der. Den sakna kjem aldri til rette, men rykte om drap verserer i bygda. Etter å ha oppsøkt eit møte i pinserørsla blir dotter til den sakna borte i dei same traktene i 2009. Også denne gongen stormkimar klokka i kapellet. 'Ikkje ein sporv til jorda' skildrar utfordrande etterforsking, religiøst grubleri og fanatisme, og tragiske familietilhøve.