Denne samlinga undersøker tid og gjenstandar, natur og teknologi som filosofiske kategoriar. Indreeide viser kva for ein eineståande språkleg posisjon ein kan tillegge det resiproke pronomenet kvarandre, ettersom det ikkje viser til noko utanfor seg sjølv. I denne analysen tek Indreeide føre seg sjølve det apparatet av fenomen vi eksisterer innanfor, og set ulike tankesystem opp mot kvarandre for å vise samanhengane mellom dei på nytt, gjennom ein leik med ord som på logisk vis endar opp i nye og velfunderte versjonar av dei store spørsmåla for menneskelivet på jorda.