Det er eit mektig stoff Alfred Hauge tek opp i sin realistiske roman, og det er ein mektig konflikt han fører fram til løysing. Hovudpersonen i boka, Einar Grønvoll, er ein gåverik ung mann, oppvaksen i ein strengt religiøs heim. Han har tydeleg talent for målarkunst, men vel å bli prest. Livet lærer han at dette valet ikkje var endeleg, og at det heller ikkje blei gjort i den sanne kristne ånda han meinte å representere. Gjennom ei levande bevega og intens handling, der hovudpersonen ikkje berre vert slitt mellom to kall, men òg mellom to kvinner, blir lesaren ført inn i og lærer å kjenne frå grunnen av det miljøet og dei problema som førte til havari for den sjølvdyrkande presten Einar Grønvoll, men som likevel legg grunnen for den menneskelege frigjeringa hans.