menu-bar All the categories

719,00 kr

Inn i livet er eit læreverk for RLE-faget 1.-7. trinn. RLE-faget er stort og omfattande, men Inn i livet gir faget struktur og oversikt. Ved å gå frå det nære til det fjerne vil elevane møte kunnskapsstoffet med deira eigen kvardag som utgangspunkt. Gjennom tekstar og oppgåver gir vi elevane eit tematisk og samanliknande perspektiv på religionar, livssyn og etikk. Inn i livet er utarbeidd etter læreplanen frå 2008. Inn i livet 1. Ressursbok for læraren inneheld faksimilar av alle oppslaga i elevboka og har dermed alt læraren treng i éi bok! Her finst enkle forklaringar, gode undervisningsopplegg, ekstra oppgåver og kopioriginalar i tillegg til eit metodisk kapittel og årsplan. Kvart oppslag i ressursboka gir læraren tips og forslag til undervisningsopplegg, varierte oppgåver og aktivitetar, målformuleringar, bakgrunnsinformasjon og tips til kvar læraren kan finne meir stoff. I ressursboka finn ein også forteljingar og tekstar til høgtlesing.