Inn i livet er eit læreverk for RLE-faget 1.-7. trinn. RLE-faget er stort og omfattande, men Inn i livet gir faget struktur og oversikt. Ved å gå frå det nære til det fjerne vil elevane møte kunnskapsstoffet med deira eigen kvardag som utgangspunkt. Gjennom tekstar og oppgåver gir vi elevane eit tematisk og samanliknande perspektiv på religionar, livssyn og etikk. Inn i livet er utarbeidd etter læreplanen frå 2008. I Inn i livet 2 Elevbok møter barna RLE i eit livsnært perspektiv og får innblikk i korleis barn med ulike religionar og livssyn lever i kvardag og høgtid. Bøkene er rikt illustrerte med varierte og engasjerande oppgåver som gir elevane høve til å nytte ulike læringsstilar for å tileigne seg stoffet. Elevboka er organisert etter ulike tema der alle religionar og livssyn blir presenterte på ein likeverdig måte. Tema i 2. klasse er: - kjensler - korleis vi skal vere mot kvarandre - merkedagar og høgtider - høgtider i dei ulike religionane I tråd med det gjennomgåande prinsippe