Vakker gåvebok med kjende og kjære dikt om norsk natur«Inn i naturen» er ei samling med 101 vakre, rørande humoristiske og overraskande dikt frå norsk natur. Boka inneheld klassikarar frå Henrik Wergeland, Hans Børli og Halldis Moren Vesaas så vel som nyare dikt av poetar som Mona Høvring, Øyvind Rimbereid og Kjartan Hatløy.Vi følgjer naturen gjennom dei ulike årstidene, frå den grøne våren gjennom den varme sommaren og den raudgule hausten til den frosne vinteren. Julie Holdal Hansen og Eirik Vassenden har valt ut dikta. Vassenden skrive forord til boka.