David hugsar ikkje kven han er. Ein avisannonse oppfordrar nære og kjende til å skrive brev til han, for å gi han minna tilbake. Ungdomsvenen Jon, ein musikar i ferd med å miste fotfestet - stefaren Arvid, ein prest som ventar på å døy - og ungdomskjærasten Silje, ei snart middelaldrande kvinne som kanskje er på veg bort frå mannen sin - bestemmer seg for å svare. Breva gir dei ein uventa sjanse til å fortelje om sine eigne liv, samtidig som dei sirklar inn Davids historie. Brageprisen 2007 - Kritikerprisen 2008 - Nominert til Nordisk Råds litteraturpris 2008