Ole er ein mjuk mann med kone, barn og gard. Når som helst kan han miste alt.Tom Roger er ein skremmande muskelbunt frå ein familie med dårleg rykte. Inni han brenn eitønske om å bli ein annan.Paula vil så inderleg gjerne bli elska. Når sonen og sonesonen besøker henne på gamleheimen, kjem mørke løyndommar for ein dag.Carl Frode Tiller fortsett der han sleppte i Innsirkling. Den mystiske David har mista hukommelsen, og ein annonse oppfordrar gamle kjente til å skrive til han. Ole, Tom Roger og Paula bestemmer seg for å svare. Med djup psykologi og rå, svart humor sirklar Tiller inn liva til David og brevskrivarane. Dermed gir han også eit rikt tverrsnitt av tida dei lever i, vår tid. Stadig suveren ... et relativt ungt forfatterskap som allerede har etablert seg som et av de viktigste og mest utfordrende innenfor norsk samtidslitteratur.Anne Merethe K. Prinos, AftenpostenTiller er uhyggelig god i sine skildringer av krenkelsens konsekvenser. En stor, litterær seier. Sindre Hovdenakk, V