menu-bar All the categories

199,00 kr 187,00 kr

Ole har familie og gard, men kan når som helst miste alt. Tom Roger er ein skremmande muskelbunt. Inni han brenn eit ønske om å bli ein annan. Paula vil så inderleg gjerne bli elska. Når familien besøkjer henne på gamleheimen, kjem mørke løyndommar for ein dag. Carl Frode Tiller fortsett der han sleppte i Innsirkling. Den mystiske David har mista hukommelsen, og ein annonse oppfordrar gamle kjente til å skrive til han. Ole, Tom Roger og Paula bestemmer seg for å svare. Med djup psykologi og rå, svart humor sirklar Tiller inn liva til David og brevskrivarane. Dermed gir han også eit rikt tverrsnitt av tida dei lever i, vår tid. P2-lyttaranes romanpris 2010 - Nominert til Nordisk Råds litteraturpris 2010