Isis-sløret er eit av dei merkelegaste drama som er skrive på nynorsk - og eit av dei aller første. Handlinga er lagt til Egypt i oldtida, der menneska inngår i relasjonar som var uakseptable i 1921 da dramaet første gong kom ut. Slik var Isis-sløret også ein kritikk av Marta Steinsviks eiga samtid. Denne er populær i sin form, grunnet på en insigt og lærdom som likefrem har imponert meg. Derfor gir den så trygg veiledning. Man vinder åndelige verdier ved læsningen, skreiv Aftenposten om dramaet, som er Marta Steinsviks viktigaste skjønnlitterære verk. Marta Steinsvik (1877-1950) var teolog, egyptolog, omsettar, målkvinne og forfattar. Ho vart som første kvinne uteksaminert frå Menighets.fakultetet og første kvinne som talte frå preikestolen under ein gudsteneste. Ho studerte egyptisk i London, og i 1917 kom boka Gammelægyptiske mysterie-indvielser, som ho skreiv parallelt med Isis-sløret. Steinsvik var aktiv i offentleg ordskifte, og har òg ein rik, samfunns.kritisk forfattarskap med