I denne romanen tek forfattaren utgangspunkt i ein person som verkeleg har levd, Iver Hoksnes (1869-1940) frå øya Gossen på Romsdalskysten. Far hans var bonde og kjent spelemann. Iver utmerka seg tidleg både som musikar og snikkar. I åra 1893-97 budde han i Chicago. Der såg og høyrde han ei konsertharpe for første gong, noko som kom til å prege ein stor del av livet hans på Gossen.