Jakta på Bjednekniven er ein roman for barn og unge. Her møter me dei to gutane Magnus og Svein frå Stavanger, som reiser på påskeferie til Løland i Suldal. Der møter dei Heidi og Charlotte. Ferien deira vert prega av spenning og løyndom, gåter og fantasi. Om forfattarane: Jarl Austigard (f. 02.04.42) er frå Årdal i Ryfylke. Han har skrive petitartiklar for lokalavisa Bygdaposten og skriv tekstar for Hjelmeland Teaterlag. Edmund Austigard (f. 18.09.64) er oppvaksen i Årdal, men bur nå i Oslo. Har tidlegare gitt ut romanane Krinsereglane (2005) og Taxi for B.A. Beckstrøm - eller kunsten å danse på furu (2007), begge på Det norske Samlaget.