menu-bar All the categories

319,00 kr 279,00 kr

Det er ikkje særleg lurt å gå seg vill i ein stemorsblomst. Men har ein fyrst gjort det, har ein eit prosjekt for livet. På godt og vondt. Boka inviterer lesaren med inn i Gunhild sitt unge liv, i ei historie som startar omtrent midt på 1900-talet på Vestlandet. Mykje skjer omkring henne, og endå meir skjer inni henne. Det kjem hendingar med slik tyngde og breidde at ho går seg vill. Men sjølv i dei mørkaste krokane hadde ho alltid ein levande himmel over seg. Kari Leine Balog er prest, og har skrive fleire bøker.