menu-bar All the categories

397,00 kr 347,00 kr

Johannes Heggland er kjent for store og viktige bokseriar i norsk litteratur gjennom over 60 år, for sine historiske barnebøker, for stor suksess med historiske spel, og som bygdebokforfattar. I to periodar var han ordførar i heimkommunen sin, Tysnes. Åra 1982-85 var han formann i Den norske Forfatterforening, då utropt som «frelsaren» i det som hadde vore ei turbulent tid i foreininga. Forfattarskapet byrja i 1941 med ein tetralogi (1941-48), der han med første boka, Folk under fjell, vart geni-forklart. Meldarar spurde seg om debutanten var den nye stormeisteren i nynorsk romankunst. Biografien drøftar mellom anna det å gje ut bøker under krigen og fortel korleis Heggland avslo tilbod frå okkupasjonsmakta om å gje ut bøker for det nye, store tyske riket. Etter blant anna å ha skrive 20 barnebøker på 1960-talet, og fått ei mengd med prisar for desse - dette var bøker som òg for ein del gjekk som høyrespel i radioen - kom det på 1980-talet tre nye bokseriar. Den første var Brødet frå h