Då odelsguten Halvor vert eldste mannen på garden, må han gifte seg med plasskvinna Regine. Under knappe kår blir det menneskelege sett på prøve. Sonen Skjalg må bere konsekvensane av Halvor sine val. Det handlar om to familiar, to gardar.Kollbotn har skrive eit nøkternt drama som strekkjer seg over generasjonar. Dette er sterkt og engasjerande. Kollbotn har eit mot og ein ærlegdom i verka som er uvanleg.