Det aller meste me har gjort, tenkt og trudd om å dyrka jorda og om kva mold er og gjer, har vore feil og øydeleggjande. Det aller meste må forandrast. Mennesket veit eigentleg uhyre lite. Slik skriv professor og høgskulerektor Dag Jørund Lønning i Jordboka. Under føtene våre finst det eit univers så enormt, rikt og mangfaldig at det sprenger rammene for det me menneske er i stand til å fatta. I ei skei med matjord kan det finnast ein trillion levande organismar. I Jordboka møter du utrulege vesen med eineståande evner og eigenskapar, dei minste er titusendelar av ein millimeter, dei største fleire kvadratkilometer store. Dei er del av ekstremt intelligente økologiske samspel som er avgjerande for livet på planeten. Jordboka er historier om menneske og mold. Om vart samspel og om brutal øydelegging. Først og fremst er dette likevel ei bok om håp. For nøkkelen til å løysa alle dei store utfordringar mennesket og planeten no står overfor kan visa seg å finnast i molda. Erosjon og tap av