«Myggen», skreiv Nietzsche, «susar rundt overtydd om at han er sentrum i universet, og at alt anna liv er til for hans del». Det gjer mennesket og. Men til skilnad frå myggen har mennesket makt til å påtvinga alle andre artar sitt perspektiv på verda. Der har me gjort. Og difor kneler planeten. Dette er boka om korleis forholdet mellom menneske og natur må endrast radikalt om dei som kjem etter oss skal få oppleva ei grøn og levande jord. Me treng definisjonar av natur som inkluderer oss og gir oss produktive, naturbyggjande roller. Ein kan øydeleggja det som ligg utanfor ein sjølv, ikkje det ein sjølv er del av. Men finst det rom for mennesket i naturen? I jakta på svar tek forfattaren lesaren med på ei filosofisk og praktisk oppdagingsreise ned i den levande molda og inn i ideane si verd: Frå Nietzsche sine frigjerande tankar, til høgproduktiv grønsakdyrking med naturen som gartnar. Frå roseplanting i kvist, til dans og karbonfangst. Frå kompostering som filosofi og praksis, til kva