"Gjennom generasjonar har spelemenn lært låttane av einannan, forma dei til sine og levert dei vidare. Nokre låttar lever som danselåttar, mange går i gløymeboka og nokon blir ståande att som dei mest spesielle låttane. Målet med plata Jotunheimen har vore å samle mange av dei største og beste låttane vi har i Valdrestradisjonen på ei plate. Det kjendest naturleg å gje plata namnet Jotunheimen. Jotunheimen ligg nord i dalen som ein slags lunefull vaktar for dalen. Fjella i nord har gjeve meg inspirasjon til å spela, og har kanskje også inspirert spelemenn frå tidlegare tider i musikken? Naturen rundt oss blir som ei lenke attende til fortida. Saman med naturen kan også musikken vera ein brubyggjar mellom gamal tid og ny tid, mellom folk i alle generasjonar. Plata er laga like mykje for deg som kjenner ei tilknyting til Valdres og treng noko å hekte tilknytinga på, for deg som aldri har høyrt hardingfele før, eller for deg som sit benka for å høyre hardingfeleklassa på kvar landskappleik. Sivert Holmen er ein framifrå ung utøvar på hardingfele. Tradisjonsbevisst med utdanning frå Norges musikkhøgskule."