Det litterære julehefte Juletre er ei gåve til alle som gledde seg over forteljingane i Juletre på femti-, seksti- og syttitalet. Mange har i fleire år bede Norsk Barneblad om å gje ut noko av dette på nytt. I Juletre 2019 kan du lese noveller av forfattarar som Ragnvald Vaage, Halvor J. Sandsdalen, Halldis Moren Vesaas, Mikkjel Fønhus, Alf Prøysen og Åsta Holth, for å nemne nokre. Juletre 2019 er rikt illustrert med fargesterke og fine teikningar av Jens R. Nilssen, Solveig Muren Sanden og andre. Alt har vore på trykk i eldre utgåver av Juletre. Du får morosame gjensyn med gamle Smørbukk-episodar og det er mykje moro i gamle jule-leikar. Og du kan nyte synet av nokre av dei flotte framsidene Juletre har hatt gjennom sitt lange liv. Vi har plukka fram mange godbitar og håper at dette får fram minner, latter og glede. Og ikkje minst julestemning for store og små.