Junior Scoop er eit engelskverk for 1. til 4. klasse. Her møter elevane det første framandspråket gjennom leik og aktivitet - og ikkje minst humor. Med lytting, herming, spel, song, leik og annan aktivitet tek barna opp grunnleggjande frasar, ord og uttrykk. Junior Scoop 3 Workbook er ei arbeidsbok for 3. årstrinn. Boka inneheld oppgåver med fleire vanskegradar og gir elevane høve til å fordjupe seg i dei tema som blei introduserte i Junior Scoop 3 Textbook. Her er varierte oppgåver som t.d. ordsøkjar, kryssord, matematikkoppgåver, spel, lytteoppgåver, utfyllings- og skriveoppgåver og tekst kombinert med bilete. Tydelege døme og ikon gjer det lett for elevane å forstå kva som skal gjerast.