Juvikfolket er Olav Duuns hovudverk. Det omfattar dei seks bøkene Juvikingar, I blinda, Storbryllopet, I eventyret, I ungdommen og I stormen. Romansyklusen skildrar livet til seks-sju generasjonar juvikingar i førre hundreåret og inn i vårt eige.I Stormen (1923) skildrar manndomsåra til Odin, og den store striden som ættesoga munnar ut i. Som leiar i bygda har Odin fått i stand gamleheim, bank, ny veg og sildoljefabrikk. Mange motarbeider han, men Odin vil ikkje gi opp trua på det gode i folket.