Juvikfolket er Olav Duuns hovudverk. Det omfattar dei seks bøkene Juvikingar, I blinda, Storbryllopet, I eventyret, I ungdommen og I stormen. Romansyklusen skildrar livet til seks-sju generasjonar juvikingar i førre hundreåret og inn i vårt eige.Handlinga i I ungdommen (1922) samlar seg kring kjærleiksforholdet og problema mellom Odin og søskenbarnet hans, Astri Håberg. Liksom Odin har ho mot og styrke til det største, til å gje seg livet i vald, men også ein dragnad mot døden.