Juvikfolket er Olav Duuns hovudverk. Det omfattar dei seks bøkene Juvikingar, I blinda, Storbryllopet, I eventyret, I ungdommen og I stormen. Romansyklusen skildrar livet til seks-sju generasjonar juvikingar i førre hundreåret og inn i vårt eige. I eventyret (1921) er første del av det som blir kalla Odin-trilogien, og handlar om barndomen til han som skal nyreise ætta. Odin har i seg noko av gammalkarane, men har òg eit ope sinn og syner ei eiga evne til å sameine gamalt og nytt.