menu-bar All the categories

474,00 kr

I ei tid då internasjonal konkurranse og New Public Management tvingar fram kalkulatorane på område som tradisjonelt var opptekne av ånd og ord, helse og omsorg, er det til tider grunn for å stoppa opp og spørja om vi er på rett veg. Al Gore minner oss om at det smale verdiomgrepet vi gjerne knyter til einøygd næringslivstenking om profittmaksimering, har ei bakside der dei viktigaste verdiane er truga. Det handlar om kloden sin eksistens, det handlar om menneskeverd og menneskeleg likeverd. Tanken er å medverka til å halda verdispørsmåla levande og å utfordra skulen på verdiproblemstillingar vi ikkje kjem utanom i vår tid. Skulen er også prega av krav om betre resultat når det gjeld læring og om raskare gjennomstrøyming i utdanningsverket. Det er ikkje vanskeleg å stilla seg bak denne prioriteringa. Samstundes kan det vera nødvendig å minna om at ei slik vektlegging ikkje må føra til at skulen nedtonar sitt fokus på danningsoppgåvene. Grunnverdier og pedagogikk gjev rom for mange røyster i debatten om skulen sitt verdigrunnlag. Tanken er å medverka til å halda verdispørsmåla levande og å utfordra skulen på verdiproblemstillingar vi ikkje kjem utanom i vår tid. Ola Hoff Kaldestad, Einar Reigstad, Jostein Sæther, Joronn Sæthre er redaktørar av boka, og alle er tilsette ved Norsk Lærerakademi Bachelor- og masterstudier. De har også skrevet kapittelet Verdimedvit i pedagogisk verksemd - eit mål i seg sjølv eller berre ein reiskap for å fremja læring. Dei andre bidragene er: Kva er det som gjer den gode skolen god? Den forløysande pedagogikken som vegvisar for ein kvalitetsskole av Edvard Befring, professor ved Universitetet i Oslo. Miljø og forbruk, av Jan Brataas, M.Sc. Industrial and Engineering Management. Dagleg leiar av miljøstiftelsen FEE Norway. Om verdisynet i Generell del av læreplanen, av Arne Bygstad, høgskulelektor ved Norsk Lærerakademi Bachelor- og masterstudier. Kunnskapsløftets antirasistiske verdidiskurs: En drøfting av sentrale verdier i skolens antirasistiske verdigrunnlag i Kunnskapsløftets læreplandiskurs, av Frédérique Brossard Børhaug, akademilektor ved Norsk lærerakademi Bachelor- og masterstudier. 'Det har skjedd noe ved skolen vår': Verdibasert lederopplæring og mentorarbeid som bidrag til skoleutvikling, av Jan Gilje, førstelektor ved Norsk Lærerakademi Bachelor- og masterstudier. Oppdragermandat og oppdrageransvar, av Gunhild Hagesæther, professor ved Norsk Lærerakademi, Bachelor- og masterstudier. Hvordan kan skolen legge til rette for en kultur som fremmer fred?, av Aslaug Kristiansen, Universitetet i Agder, Fakultetet for pedagogikk. Kulturpsykologi og verdier - et etisk og danningsteoretisk perspektiv på menneskets sjelsliv, av Kjell Oppedal, akademilektor ved Norsk Lærerakademi Bachelor- og masterstudier. Objektivitet og nøytralitet - pedagogiske begreper?, av Signe Sandsmark, Ph.D. frå Institute of Education University of London. Den pedagogiske relasjonen - en relasjon annerledes enn andre re