Karlsen, Helene Urdland Norsk ordbok (8202615321)
Norsk ordbok - nynorsk inneheld det sentrale ordtilfanget i moderne nynorsk. Ordboka er laga spesielt for elevar i grunnskulen og i den vidaregåande skulen.
Cappelen Damms Norsk ordbok - nynorsk er den nyaste og mest oppdaterte ordboka i sitt slag.
Ordboka tar utgangspunkt i moderne norsk og er grundig gjennomarbeidd med tanke på lesbarheit, eit aktuelt ordtilfang og brukaranes behov for ei påliteleg og praktisk ordbok.
Fakta om Norsk ordbok - nynorsk:
lesarvennleg oppsett og design strengt alfabetisk struktur og alfabetstripe i høgre yttermarg meir enn 23 000 oppslagsord over 31 000 brukseksempel og 3500 faste uttrykk dei 2500 vanlegaste orda er markerte med ein nøkkel i margen eitt bøyingsmønster med fulle ordformer til kvart oppslagsord enkle og pedagogiske definisjonar på alle oppslag nyttige fagkodar og stilmarkørar rammer med språkinformasjon på alfabetisk plass enkel brukarrettleiing minigrammatikk språkreglar og skriveråd noregskart følgjer rettskrivinga frå 2012 solid og oppslagsvennleg innbinding i fleksibind