menu-bar All the categories

199,00 kr

- Kven har brukt å spele keeper? Eg gapte. Korleis kunne han ikkje vite det? Alle i bygda veit at Lena står i mål på gutelaget. No steig ho inn i ringen, med keeperhanskane på og såg trassig opp på mannen i svart treningsdress. - Eg. - Berre du? Ein ny fotballtrenar legg mørke skyer over keeperlivet til tolvåringen Lena Lid. I nabohuset spekulerer Trille på korleis han skal gjere inntrykk på den nye jenta i klassen. Og på havet jaktar farfar på storfisken, slik han alltid har gjort, utan å bry seg om at han begynner å bli gammal. Dei må kjempe hardt både med seg sjølve og med naturkreftene dette året, vennane i Knert-Mathilde. For kva skal ein gjere når ein vert einsam i båten, fanga i orkanar, herja med på trening og når ingen lenger bryr seg om det ein verkeleg kan? Ein kan i alle fall ikkje gi seg på det! For som Lena Lid seier i pressa situasjonar: No må de søren kverke meg vakne, der framme! Maria Parr (fødd 1981) har hatt stor suksess med bøkene Vaffelhjarte og Tonje Glimmerdal.