menu-bar All the categories

119,00 kr

Som det mest kvardagslege av alle våre rom opnar kjøkkenet seg, med vegger og golv, bord og reiskapar, og med trea, havet og himmelen utanfor. Her utførast dei nærast ritualiserte rørslene som nettopp kjøkkenet innbyr til, dagleg, naudsynt, av eit upersonleggjort eg, eit det. Eit heilt kosmos finst i kvar konkrete gjenstand, og kvar av dei kjende tinga vi nyttar meir eller mindre mekanisk - oppvaskkosten, kaffetraktaren, skjerefjøla - står fram som nye og underlege i desse fine, stemningsvare dikta. Kjartan Hatløy (f. 1954) debuterte i 1996 med diktsamlinga Solreven. Sidan har han gitt ut dei kritikarroste samlingane Svarande pupill (1997), Svarte lyn (1999), Stasjon smale seng (2001), Steg frå klår himmel (2003), Riket er vårt, damtidamti (2005), I kråkekrins (2006) og Fjord (2011), samt prosaboka Nattsong og andre forteljingar (2002). Kjøkkendikt er Kjartan Hatløys niande diktsamling.