Noreg har eit ekstremt forhold til kjøpesenter. Vi har det største talet kjøpesenterkvadratmeter per innbyggjar i Europa. Fordelar vi talet kvadratmeter til innbyggjarane i landet, vil kvar innbyggjar få nesten éin kvadratmeter kvar. Nestemann på lista, Sverige, har halvparten så mange kjøpesenterkvadratmeter som oss. Samtidig er vi det landet med fleste bilbaserte kjøpesenter utanfor bysentrum. Det samla salsarealet til kjøpesenter i Noreg har i tillegg nærast dobla seg på ti år. Ein vedvarande katastrofe, kallar ekspertar denne trenden, for kjøpesenterutviklinga fremjar bilbruk og hindrar mjuke trafikantar og kollektivtrafikk. Journalist og forfattar Ronny Spaans har besøkt 34 byar og bygdebyar teke denne utvikling på pulsen. Han har òg undersøkt andre trendar i stadutviklinga som skaper debatt: utbygging av kulturhus og sjøsider. Noreg er i ein av dei største arkitektoniske omformingsprosessane i historia. Diskusjon om fjordbyen Oslo har vore framme i riksmedium. Men debatten om sta