Når eit menneske døyr i dag, står gjerne Facebook-veggen igjen etter det. I mange tilfelle lever veggen vidare, som ein stad der slekt og vener vender seg direkte til den avdøde. Profilen blir ei minnebok, men også ei slags forlenging av livet. Etter at Amalie døyr, begynner storesøstera Eli Anne å skrive til henne på veggen hennar. Ho skal snart legge profilen ned - ta ein endeleg avskjed - men kvir seg for å ta det siste steget. Eli Anne skriv på veggen til Amalie og ser attende på forholdet deira: på endringar av status, på løgner og sjalusi, men også på kjærleiken mellom to søstrer. Kjære søster er ei forteljing som rommar både sorg, anger og skam - men også glede, livskraft og håp. Det er i tillegg ein roman om musikk, der ulike musikksjangrar og kunstsyn får bryne seg mot kvarandre. Når eit menneske døyr i dag, står gjerne Facebook-veggen igjen etter det. I mange tilfelle lever veggen vidare, som ein stad der slekt og vener vender seg direkte til den avdøde. Profilen blir ei minnebok, men også ei slags forlenging av livet.
Etter at Amalie døyr, begynner storesøstera Eli Anne å skrive til henne på veggen hennar. Ho skal snart legge profilen ned – ta ein endeleg avskjed – men kvir seg for å ta det siste steget. Eli Anne skriv på veggen til Amalie og ser attende på forholdet deira: på endringar av status, på løgner og sjalusi, men også på kjærleiken mellom to søstrer.
Kjære søster er ei forteljing som rommar både sorg, anger og skam – men også glede, livskraft og håp. Det er i tillegg ein roman om musikk, der ulike musikksjangrar og kunstsyn får bryne seg mot kvarandre.