Økland, Kjell Magnus Oselvar; den levande båten (827959244X)
Oselvaren er Noregs nasjonalbåt og vart i 2015 nominert til UNESCO-lista for gode vernepraksisar i immatrielt kulturvern. I samband med dette gir Skald forlag og Oselvarklubben ut praktboka Oselvar - den levande båten.
Oselvar er ein tradisjonell klinkbygd trebåt frå Hordaland. Båten har vore mest vanleg som bruksbåt frå Bømlo i sør til Fedje i nord, men ein finn døme på bruk av han langs heile Norskekysten, på Shetland og på Orknøyane. Med framleis levande byggje- og brukstradisjon skil båttypen seg frå mange andre tradisjonsbåtar.
Praktboka utgjer den fyrste samla framstillinga av mangfaldet i Oselvarens historie, og presenterer eit variert historisk og teknisk materiale i populærvitskapleg form. Mykje av dette har ikkje tidlegare vore publisert. Boka inneheld tekst, bilete, tabellar, kart, figurar og teikningar og gamle fotografi. Vidare rommar boka folkloristisk stoff med eit stort persongalleri samt ei rekkje element kring immateriell kulturarv og handlingsboren kunnskap. Boka speglar kyst-, idretts- og folkekulturen på Vestlandet gjennom fleire århundre, med avstikkarar langs heile Norskekysten og til utlandet. Fokuset i boka er òg framover i tid, med praktiske råd til nye båtbrukarar.
Oselvar - den levande båten er eit praktverk som vil bidra til auka forståing av kor sentral båten er i den nasjonale kultursoga.