Det populære læreverket Klar, ferdig, norsk! er komme i revidert utgåve med fleire oppgåver og nye illustrasjonar. Den reviderte utgåva består av nettressurs, biletordbok og to arbeidsbøker, nivå 1 og 2. Alle komponentane er delte inn i dei same ti temaa, og med Amin og familien hans frå Irak som gjennomgangsfigurar. Dette gir ei systematisk ord- og omgrepsinnlæring med eit heilskapleg og godt læringsutbytte for fleirspråklege elevar.Klar, ferdig, norsk! er delt inn i desse temaa: Familie Skole Årstider Kropp Klede Mat Bustad Natur Fritid og kjensler TransportI Biletordbok startar kvart tema med eit snakkebilete der omgrep blir sette inn i ein samanheng. Deretter følger biletsider med over- og underomgrep. Til slutt i kvart tema er det ein ordbank som oppsummerer omgrepa. Boka kan brukast aleine eller som oppslagsbok til nettressursen og arbeidsbøkene.