menu-bar All the categories

399,00 kr 347,00 kr

Strikkeekspert Tove Fevang har vore i arkivet til garnfabrikken Sandnes Garn. Denne gongen har ho vore på jakt etter oppskrifter til dei aller minste. Her finn du plagg med snømenn, seglbåtar og lokomotivmønster, tradisjonelle kufter og genserar, heile sett til dei aller minste, men òg jakker, kjolar, luer og vottar.Fevang har leita fram kjære og kjende strikkeoppskrifter frå heilt tilbake til 1950-talet, tilpassa dei vår tid og dagens garntypar. Arkivet til landets eldste garnfabrikk er eit skattkammer for den strikkeinteresserte, og ein del av norsk kulturarv. Boka inneheld trinn-for-trinn-bilete og gode forklaringar for den som ikkje er heilt stø i alle teknikkar. Strikk vakre strikkeklede med namn som Lykkeliten og Småen! Alle modellane kan strikkast i ullgarn som toler vask i maskin.