Klimaopprøret - kunsten å hamle opp med tafatte politikarar, klimafornektande gubbar og andre nettro
Viss ikkje du, kven? Viss ikkje no, når? Kva svarer du når du skulkar skulen for å streike og alle heller vil snakke om fråværsgrensa enn togradersmålet? Korleis får du onkelen din til å forstå at det er mogleg å ønske seg julegåver og artsmangfald samtidig, og korleis ligg eigentleg Noreg an i arbeidet med å kutte utslepp? Gaute Eiterjord gir deg svaret på dei viktigaste spørsmåla i miljø- og klimakampen. Han slår ned mytar frå klimafornektarar, svarer nettrolla og forklarer kva forskarane eigentleg seier. Maja Lunde har skrive forord. Denne boka gjer deg til ein vinnar i klimadebatten!